
Takk for nå. Takk for meg. Eg meinte eg burde seia ifrå jo før jo heller om at denne bloggen endelig er ferdigt arbeid.
Her er ein liten "Asbjørn Bakke hér" bloggenekrolog:
Det som byrja så fint med vakre filosoferingar om kalde kaktusar, sjeleliv, sære hobby'ar og interessante tankar høyrer no fortida til. Asbjørn er tydeligvis lei av å vri hjernebarken. Bloggen har vore innhald i ein liten prosent av livet dei siste åra, men som mykje anna tåler den dårleg tida si tann. Den er bare SÅ to tusen og tre. Eg kom ikkje på ein einaste spesiell hendelse i 2003. Truleg kan bloggen hjelpa meg på det området. 2003 får vera Year of the Blog. Eg ser nå kvifor ein skal vera takksam for å sleppa å skriva eins eigen nekrolog. Bloggenekrolog derimot - det får gå.
Eg skal få gang på noko nytt! Litt uvisst kva, men det er naudsynt at ei endring eller to kjem. Istandhalding er keisamt! Kanskje eg skulle kjøpt meg eit lite hus på landet og eit piano. Så kunne eg putla og styrt på.
Til alle som har kommentert, takk-takk takk-takk. Alltid hyggeligt. Svært synd at kommentarane dykkar går til hundane.
Bloggen vert nok liggande her til eg får tatt ei utskrift av denne omfattande
dagboka journalen, det er truleg ein ting eller to her som kan henda er godt bestefar-lesningsmateriale. Dette blir kjenslefullt;
TEH END.